3. des. 2018

Juleboka med dei vakraste illustrasjonane og den finaste forteljinga

Dei aller fleste har vel fått med seg den nye boka Snøsøsteren, kalenderboka som har fått strålande kritikk, som har vore utseld frå forlaget og som allereie har blitt seld til fleire andre land. Eg tjuvstarta jula litt då eg las boka i midten av oktober, men det var då den var ledig på biblioteket; det var nemleg rett før populariteten tok av. Og for ei bok! Maja Lunde har skrive ei heilt nydeleg forteljing og Lisa Aisato har nok ein gong illustrert slik at boka omtrent blir levande.


Boka er delt inn i tjuefire kapittel, og den fungerer dimed som ein kalenderbok, eller med andre ord: den blir som ein adventskalender. Eg vil ikkje seie noko særskilt om handlinga i boka i fare for å røpe for mykje, men den er fin, sår, nydeleg, rørande og passar for alle sjølv om det er ein barnebok. No er kanskje ikkje eg den aller største fanen av mystiske element, men i denne samanhengen passar det. Tårene mine rann, og boka kan eg fint lese kvar einaste desember.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Den ser helt nydelig ut. Så fine illustrasjoner!

Silje sa...

Og det er den! Kunne gjerne pynta heimen med alle dei vakre illustrasjonane, tenk, det julehuset ;) Synest i alle fall at boka er heilt nydeleg og vakker <3

Legg igjen ein fin tanke