22. des. 2018

24 timar i Oslo

Laurdag førre veke var ein intensiv laurdag, heldigvis på ein kjekk måte. Me var framme i Oslo halv åtte om morgonen og drog direkte til eit venepar som hadde ordna frukost til oss. Utruleg koseleg og veldig hyggeleg gjort av dei :) Slappa litt av der før me tok T-banen til sentrum. Var innom ein fin julemarknad, prata mykje med venene våre og varma oss med ein kopp kaffi inne på Baker Hansen. Klokka tre traska me til restauranten Brasserie Ouest, og me var heile seks stk. rundt bordet. Kjempegod mat (eg åt flyndre, og det er ikkje så ofte), mykje latter og god stemning. Endå meir latter blei det då me kom oss til Det Norske Teatret der me skulle sjå The Book of Mormon. Altså, korleis går det an at musikalen er morsommare i år enn i fjor?! For også i fjor lo me slik at tårene trilla heile vegen! Og så var det litt ekstra artig då nokon av dei på scenen fekk latterkrampe! Ha, ha! Kjempebra forestilling, og me avslutta kvelden på ein uteplass. For ein herleg gjeng!


Kan vel ikkje påstå at det blei så mykje søvn natt til sundag heller. Me overnatta på hotell, men var ikkje i seng før halv tolv og stod opp før klokka viste halv sju. Toget skulle nemleg gå halv åtte, akkurat eit døgn etter at me kom til hovudstaden. Puh. Halvsov dei to fyrste timane på toget, men etter kvart fann eg fram ei bok og to, las og slappa av med ein kopp kaffi (det blei nokre koppar i løpet av den turen). Ute var det stort sett kvitt, og tre med massevis av snø på fauk forbi oss. Eg har nemnt det mange gongar før, men det er noko eige ved det å ta toget. Ro og senka skuldre, tid til å lese og berre slappe av. Ein ordentleg kjekk og artig svipptur til Oslo var over for denne gong.

Legg igjen ein fin tanke