12. des. 2018

Den årlege julekakebakinga

I år som mange av dei føregåande åra, hadde me invitert broren min hit på julekakebaking den sundagen som nettopp var. Bakte ikkje serinakaker i år, men peparkaker og sjokoladestenger blei det. Må nok innrømme at når det gjeld peparkakene, kom "oppskrifta" frå IKEA. Men det er jo lov til å "jukse littegrann"?! Gode blei dei i alle fall, og ei boks med deig var akkurat passe.


Sjokoladestengene derimot lagte me heilt frå botnen av. Det er mormors oppskrift, og for oss er det ingen jul før desse er i boks (ha, ha, tok du 'an?!). Litt svinn blei det nok, for deigen er jo like god som dei ferdige stengene ;) Vanskeleg å ta bilete no i mørketida, men måtte prøve å fange dei fine motiva på kakeboksene, alle kjøpt hos Søstrene Grene. Synest det er koseleg å ha julekakebokser der motiva er i ein klassisk stil. Etter bakinga blei det middag og til slutt julefilm på skjermen.

Legg igjen ein fin tanke