17. des. 2018

Juletre hengande på ei snor

Sat og titta i ei julehobbybok på jobb då eg kom over idéen om å lage ein juletregirlander. Fann eit juletremotiv på nettet her heime som eg tok utskrift av i to forskjellige storleikar. Klipte dei ut og brukte desse to som mal. Plukka med meg julereklame frå jobb, og så var det berre til å byrja å tusje rundt malane medan dei låg oppå på reklamen. Etterpå var det berre til å ta fram saksa og klippe ut juletre i fleng. Laga eit lite hol i dei alle saman før eg trædde dei på ei snor. Tok ein liten teipbit bak på alle trea slik at dei heng fast og ikkje dinglar ned mot midten av snora. Det enda opp med å bli to girlandrar, og no heng dei over døropninga inn til stova. Enkel og fin julepynt, laga på ein-to-tre.

Legg igjen ein fin tanke