Kanskje litt tidleg å seie "god jul" allereie, desember er berre så vidt i gong. Men julepynten er tatt fram, og dei kvite bokstavane står no på sin faste plass. På skapet som høyrer til TV-møbelet saman med Wes Anderson-boka, biletet med lyfrekvensen frå
Cinema Paradiso-temaet og den finaste trefiguren. Nissane, fuglen og katten, alle med små nisseluar, står også på sin faste plass no i desember. I dag blir det seinvakta på jobb og så julekonsert med Sjøforsvarets musikkorps.
Legg igjen ein fin tanke