9. des. 2018

Ei ordentleg juleveke

Av og til kjennast det ut som om eg skriv det kvar sundag, men denne veka har verkeleg gått i eitt med to konsertar, eit lite julebord med to andre venepar, julekakebaking, to seinvakter, juleboklesing og julekortskriving. Puh. Men gøy er det jo :) Innimellom har me tatt oss tid til å senkje skuldrene med Brooklyn Nine Nine, julemusikk og me har kost oss med å høyre på ei lydbok (adventskalenderen frå meg til han er å høyre eit kapittel kvar dag frå lydbøkene Ongane i gadå, historier skrive av Ajax, som i si tid verkeleg fanga "det stavangerske"). Mange av julegåvene er i boks, men har framleis litt igjen der. Elles så blir også neste veke nokså travel med kinobesøk og ein liten tur til Oslo (nærmare bestemt eit døgn i hovudstaden). Og me feirar ti år som kjærastar! Den der tida – eg skjønner ikkje kor den er blitt av. Vel, vel. Det er på tide å avrunde veke 49:

✦ nytt favorittplagg: det gule ullskjørtet frå COS, veldig tøft saman med arvegodsgenseren
✦ julekonsert på onsdag med Sjøforsvarets musikkorps, Bjarte Hjelmeland og Gunnhild Sundli
✦ sjå den fine, klassiske julefilmen Holiday Affair
✦ diggar den nye filmen til Wes Anderson, den herlege animasjonsfilmen Isle of Dogs
✦ "All I Want For Christmas" carpool karaoke med James Corden og mange kjente artistar
✦ lite julebord med to venepar, kjempekoseleg med god mat, mykje herleg prat, latter og glede
✦ det lille juletreet me har ståande i skranken på jobb
✦ den aller vakraste juleboka, nemleg Snøsøsteren
✦ julehjarta rundt Breiavatnet
✦ katten som ikkje kan sove utan sin besteven
✦ lese ei akkurat passe søt julebok
✦ låne el-bilen og køyre litt rundt for å få unnagjort mange ærend
✦ høyre på lydbok saman, eit kapittel kvar kveld
✦ sende av garde ein haug med julekort
✦ og lese om julekortradisjonen til Synne
"Julestemning fra bildearkivet" – eit heilt blogginnlegg med herlege julebilete inne hos Et katteliv
✦ så kult å sjå Love Actually på storskjerm medan symfoniorkesteret spelte filmmusikken live
✦ og før me såg filmen: ete middag ute saman med nokon finingar
✦ alle julelysa rundt Breiavatnet, særskilt om kvelden
✦ ein Ted-talk om kvinner, utdanning og lese- og skrivekunne i arabiske land
✦ julekakebakeverksted med broremann

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Der var DEN genseren,ja. Og for et par uker siden så jeg et par ermer med skotske ruter :-) Så flott at du vil bruke dette "arvegodset", og at det passer sammen med noe du har.
Sprek farge på skjørtet ditt! Og så må jeg gratulere med de 10 år :-)

Silje sa...

Bruker særskilt dei to genserane mykje, så gøy og stas å bruke arvegods, noko som ikkje alle andre har :) Kult er jo alltid kult! :D Og takk så mykje for gratulasjon!

Legg igjen ein fin tanke