15. des. 2018

Laurdag og (nok ei) musikalhelg

Ut på tur med tog til Oslo for å sjå ein musikal. Igjen, seier du kanskje. Du har heilt rett, og det med ein musikal me såg for berre eit drygt år sidan. Men The Book of Mormon kan eg fint sjå både to og tre og ti gongar. Billettane blei tinga i januar eller februar, og eg trur det kjem til å bli kjempegøy, for me ska nemleg sjå den saman med fire gode vener av oss. Det blir nøyaktig tjuefire timar i hovudstaden, men eg trur likevel det blir veldig bra. Håper du får ein god desemberlaurdag.

Legg igjen ein fin tanke