14. des. 2018

Eit heilt tiår ♡

Kjære, fine mannen min. Kjærasten min, min beste ven! Eg veit ikkje kor mykje eg skal skrive, for det meste har eg allereie sagt, allereie skrive. Men det er ikkje kvar dag me har ti-årsdag, så det vil eg gratulere. Ti år sidan me fyrste gong gjekk hand i hand, sidan me kyssa kvarandre og eg spurde om me skulle vere kjærastar. I mitt hovud var det stjerneklart den kvelden me vandra ute, og kanskje blir det slik i kveld også?! Takk for alt det flotte me til no har opplevd, alle folka me har blitt vener med, korps og sidan orkester, kvardagen, all kjærleiken. Eg legg ved eit, eller to, av mine absolutte favorittbilete, tatt på ein tur i nærområdet der me budde dei siste åra i Kristiansand. Og så to av dei fyrste bileta av oss der me offisielt var saman. Sjå så unge me var! Unge og nyforelska, no er me berre forelska ;) Og me satsar på nye ti år, gjer me ikkje det?! Tihi! Takk for at du alltid er her, for at du er mi klippe, for at du er akkurat du. Gratulerer med årsdagen, eg elskar deg 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Gratulerer så masse til dere <3

Silje sa...

Tusen takk, fine deg <3

Legg igjen ein fin tanke