28. des. 2018

24. desember på hytta

Sju slag blei det nok ikkje i år, men nokre julekaker blei det jo. Krumkaker og sjokoladestenger var to av dei. Koste oss på lille julaftan og så klart litt på sjølve julaftan. Tente også stearinlys i adventsstaken og ein av nissane var også med. Me har tilgang til å sjå litt på TV viss me skrur på omformaren, og me hadde heldigvis nok strøm til at fekk sjå Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen. Eg sat oppe på hemsen og storkoste meg! Og Askepott fekk prinsen i år også ;)


Etter kvart blei det endå mørkare ute og me tente endå fleire stearinlys inne. Ledlys på juletreet hadde me også fått på plass. Til middag på julaftan blei det ribbe og medisterkaker med potetar og anna tilbehør ved sidan av. Det blei kanskje ikkje sprø svor på ribba, men alt i alt smakte det godt, det smakte ordentleg julemiddag. Me åt riskrem til dessert (som vanleg) og utpå kvelden var det på tide å opne gåvene. Trur me alle fekk noko me likte, blant anna brettspel, øvingsmute, gåvekort, tøflar og nye bordskånarar. Me avrunda kvelden med quiz og sov lenge dagen etterpå.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Du nevner ikke den fine varmeflaska :-)) Ellers så ser det jo ikke ut til at dere led noen nød der oppe på fjellet.
Bra at dere ikke kom hit i år, for vi har hatt (og har enda) den mest gjenstridige virus vi har vært borti på flere år! Har vært en noe slitsom jul, og satser på at svogrene dine ikke har fått med seg basillene videre.
Nyttår neste! Ha en fin feiring der sør :-)

Silje sa...

Me fekk jo så mykje fint at det var litt vanskeleg å nemne alt her ;) Huff, ikkje kjekt å vere dårleg i jula, men satsar på at det byrjar å komme seg no. Trur nyttår blir fin med eit par vener på besøk :) Takk, det same!

Legg igjen ein fin tanke