10. des. 2018

Julebord i miniformat

Måndag er her, den andre i desember. Ute er det ikkje særskilt kvitt, det er lite som minner om at jula er rett rundt hjørnet. Likevel sit eg her og har ei kjensle av julestemning. To julekonsertar førre veke gjorde jo sitt, det same med all den flotte julemusikken på radioen og på spelelista mi på Spotify. Det lille julebordet på laurdag gjorde også noko med den kjensla. Så fint, koseleg og kjekt å sitje rundt eit pent, juledekka bord, prate, ete god middag, prate meir, le og høyre på roleg julemusikk i bakgrunnen. Ho eine av dei me var med, hadde delt inn H.C. Andersens Piken med svovelstikkene i seks delar slik at me alle las litt kvar. Eigentleg ganske koseleg med høgtlesing, og eg fekk den siste delen. Historia kjenner vel dei fleste, den er trist og rørande og det er vel inga overrasking at det hos meg rann nokre tårer. Ein herleg laurdagskveld med gode og fine vener!

Legg igjen ein fin tanke