2. okt. 2015

Pakka og klare

Her går det raskt unna om dagane, og no sit me på toget på veg til Oslo. Måndagen var så som så, tysdagen kom med kakebaking, forelesning og øving (det var der kaka kom inn i biletet), onsdag med pakking, rydding, liten gåtur og me fekk måla eit strøk på to av tre veggar inne på soverommet. I går blei det endå meir pakking og eg fekk vore ute ein tur hos frisøren for å klippe meg. Utruleg herleg å få bort ein god del av håret (bilete får komme seinare)! Koffertane pakka me ferdig i går, og fyrste stopp blir Oslo før me tar toget vidare til Langhus seinare i kveld. I morgon skal me jo sjå Mary Poppins på Folketeateret og på sundag er det av garde til varmare strøk!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Oi, kos dere masse! :D

Silje sa...

Takk skal du ha, Ida! :D

Legg igjen ein fin tanke