Etter mange lange øvingar var det veldig godt og kjekt å spele konsert med orkesteret i kveld. Og for ein solist på fiolin! Mange av timane denne helga har gått med til orkesterspeling, men me har også fått gjort litt meir inne på soverommet, gått tur, sett film frå 50-talet; er blitt ei greie her i heimen, det å sjå filmar (for det meste komediar) frå 40-, 50- og 60-talet :) Veka som kjem vil bli fylt med pensumlesing, litt skriving og jobbhelg. Og her er lista for veka som nettopp har vore:
✦ Mrs. Hughes og Mr.Carson som gav kvarandre sine "ja" i Downton Abbey
✦ ete middagen ute på balkongen
✦ liten koala, katt og ilder og denne skjønne tassen, alle hos cuteoverload
✦ høyre "Unchained Melody" på bussen på veg til flyplassen på Rhodos
✦ måle strøk nr.2 på to av tre veggar inne på soverommet
✦ andre avsnitt i minidokumentaren om Jonna og "Til mormor og morfar" på bloggen hennar
✦ lunsj på Ostehuset med fine personar (kjekt å treffe nye folk)
✦ podcasten til Sandra om å vere introvert og så mykje anna viktig (høyr den!)
✦ haustfargane
✦ Morning Creativity på Instagram – så mange kjekke prosjekt og fin inspirasjon
✦ gå laurdagstur rundt Stokkalandsvannet i det friske haustvêret etter ei lang orkesterøving
✦ "Søndag kveld i vårt hjem" – mykje fint hos Julianne
✦ kjenne at eg byrjar å få tak på masteroppgåva, sånn sakte, men sikkert
✦ bli litt rørt av denne reklamen (sjeldan eg eigentleg legg merke til reklame...)
✦ gå i burgunderraud genser, shorts med høgt liv og grå ullstrømpebukser
✦ utruleg smarte løysingar om du bur litt trangt og smått
✦ spele Sibelius-konsert med orkesteret
Legg igjen ein fin tanke