5. okt. 2015

50 ting som gjer meg glad



Inspirert av Amanda si liste og Beatrice si liste vil eg i dette innlegget vise til 50 ting som gjer meg glad. Slike lister er så fine å sjå tilbake på når dagen eller veka er litt ekstra tung og grå:

1. Lukta av nytrakta kaffi om morgonen
2. Musikalar
3. Kattungar
4. Vakne ved sidan av mannen min, ligge tett inntil
5. Dei rosa blomane på eit kirsebærtre
6. Alt som har med Harry Potter å gjere
7. Musikken til Markéta Irglová
8. Krakow
9. Spelekveldar
10. Fargen kongeblå


11. Oppdage nye stiar og vegar, oppleve ein ny by
12. Familien min
13. Korps
14. Bli inspirert av dei fine bloggarane som eg følgjer
15. Sjokolade, helst norsk melkesjokolade
16. Dykking (for snart seks år sidan tok eg dykkarlappen på Zanzibar)
17. Bunaden min
18. Britisk krim
19. Lage ting og tang sjølv, alt frå hekla tepper til LP-klokke
20. Gjenbruk, loppis og bruktbutikkar



21. Titte rundt etter fine gåver på Etsy
22. Få blomar av mannen min
23. Alle dei fine venene mine
24. Heimelaga pizza med den beste guacamolen attåt
25. 60-talsmusikk
26. Å finne vakre vintageklede i ein bruktbutikk
27. Dykke ned i ei spennande, rørande eller fascinerande bok
28. Å leve i eit demokratisk land
29. Agatha Christie, og då særskilt Hercule Poirot
30. Ete middag ute på balkongen


31. Bibliotek
32. Gamle komediar og musikalar frå 40-, 50- og 60-talet
33. Kryssord
34. Wes Anderson sine rare, fine og underfundige filmar
35. Vakne opp til lukta og smaken av nybakt brød
36. Kjenne meg elska
37. Spele på trombonen
38. Snøklokker
39. Å tenkje på at eg faktisk er gift med min beste ven
40. Sitje i graset, nyte ein sommarkveld


41. Sitje i armkroken til min betre halvdel når det er mørkt og grått ute
42. Å kunne kjenne på hytteroa
43. Bringebær
44. TV-serien Glee
45. Kinobesøk
46. At eg brukte mamma sin gamle brudekjole då eg sa "ja" til han der fine
47. Tenne stearinlys om kvelden
48. Fargane på blada om hausten
49. Halde hender
50. Å opne ein pose med kaffi, for den lukta er nesten betre enn lukta av nytrakta kaffi

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Men åh, vilken fin lista!

tea sa...

Her var det mange fine punkter! Håper dere koser dere masse på ferie ^^

Borgmästaren sa...

Så fint att du listar så många saker. Jag tror man blir glad bara av att ha funderat ut 50 glädjande saker. Bra gjort! Hoppas ni hade en fin resa!

Silje sa...

Tusen takk, alle dere fine! :) Litt sein tilbakemelding, men sånn går det når en er på ferie uten noe særlig tilgang på internett ;) Og ja, vi har hatt en super ferie! :D

Legg igjen ein fin tanke