12. okt. 2015
Glimt frå Rhodos
Kom heim til leilegheita vår ein gong litt over elleve i går kveld. Me har hatt ei heilt fantastisk og herleg veke i sol og varme på Rhodos. Og me hadde det også veldig kjekt og koseleg førre helg då me var på besøk hos våre nieser, vår nevø og deira foreldre :) No gjeld det å komme tilbake til kvardagen igjen, tilbake til skulearbeid, jobb, orkester og eit heilt anna klima. Merkar at det kjem til å ta ta eit par dagar før rutinane er der igjen. Har også ein heil haug av bilete å sjå over, men eg har i løpet av dagen likevel klart å plukke ut eit par bilete som viser ferien vår akkurat slik den var :) Brukte mesteparten av veka til å slappe av ved bassenget og på stranda, men me var også ein tur i gamlebyen i Rhodos by og i Lindos for å sjå på Akropolis. Kunne fint ha vore der ei veke til ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åh, så herlig! Sol og varme!! <3
Har jo hatt utruleg lite sol og varme her heime i Noreg i år, så det gjorde ekstra godt å få oppleve litt no når hausten er her for fullt! :D
Misunner dere litt altså. Selv om jeg elsker oktober og høsten, så hadde det vært utrolig godt med litt ordentlig sol og varme. Som du skriver over her, så har vi ikke akkurat vært bortskjemte med sol i år i Norge :) håper dere koste dere masse!
Me hadde det heilt tipptopp, Ida! :D Var så herleg å komme oss bort litt, til ein stad med varmare klima ^^
Legg igjen ein fin tanke