25. okt. 2015

Oppsummering veke 43

Ei veke med mykje åleinetid, masteroppgåve på godt og vondt og jobbhelg er no snart over. Mannen var borte på seminar frå måndag til seint utpå torsdag. Eg er ikkje så god på å stå opp eller å leggje meg åleine, men det gjekk overraskande greitt (men utruleg godt å få han heim igjen, altså). På fredag og i dag blei det ein del timar på jobb, men me fekk gjort mykje i går som ikkje var skule- eller jobbrelatert: måla litt meir inne på soverommet, gjekk ein tur i regnvêret og på kvelden var me på ein kjempekjekk fest hos eit venepar av oss :) Mange fine ting på lista denne veka:

✦ så tøft å måle eit hus i 16 forskjellige fargar
✦ finne den perfekte turgenseren med ein heilt nydeleg farge :)
✦ blir så glad og rørt av denne videosnutten frå Horten om fine kattar på ein sjukeheim
✦ høyre på den nye CD-en til Glen Hansard, kose meg med all den gode musikken
✦ alltid så mykje søtt hos cuteoverload: to kattar og ein snigel, denne lille kattungen som blir redda frå ein veldig trafikkert veg, ein skjønn og merkeleg skapning og også dette morosame innlegget
✦ stor og vakker fullmåne på veg heim frå jobb
✦ denne boklista inne hos Ida; no er det berre til å setje i gong og lese ;)
✦ "26 Things You Learn When You Date Somone Who Loves Harry Potter", Galtvort av papir (heilt fantastisk liten video) og denne som viser "honest book titles"
✦ få mannen min heim igjen
✦ le høgt av denne treffsikre musikkvideon av Ylvis :)
✦ sjå den siste episoden i fyrste sesong av Poldark
✦ lese denne sterke historien
✦ måle endå meir inne på soverommet
✦ finaste bileteserien med menn som viser kjensler
✦ vere på fest hos eit venepar med veldig kjekke folk
✦ dette blogginnlegget var som å oppleve Gardermoen etter Rhodos-turen på ny
✦ få det finaste Harry Potter-kruset i posten i tillegg til julekorta våre for dette året
✦ "The future is now!" – kjekt blogginnlegg hos Synne (og dette oppfølgingsinnlegget)

4 kommentarer:

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så masse fint! Det er utrolig koselig med disse innleggene :)
Jeg kjenner meg igjen i det du skriver om alenetid, spesielt det med å legge seg.. Men så bra at det gikk fint!

Silje sa...

Det går som regel betre enn ein trur, men når ein er vand med å vere to, er det å leggje seg åleine ein nedtur. Å lage desse innlegga er så gøy, og då er det litt ekstra kjekt å høyre at også andre liker dei :D

Ida sa...

Ah, alenetid. Skjønner veldig godt hva du mener, jeg sliter med det selv når S er borte. Håper du hadde en fin uke likevel! :) Håper masterskrivinga går bra! Heier på deg, hvertfall. ^^ Og takk for link!

Silje sa...

Masteroppgåveprosessen er verkeleg som ein tur på ein berg-og-dal-bane. Men eg har no høyrt at det er slik det er, så eg får berre venne meg til det og gjere det beste ut av det. For det er jo også mykje av det som er interessant og kjekt :) Og takk for oppmuntringshelsing! :D