19. okt. 2015

Trampolinehopp og "Frost"

To veker er gått sidan me utforska området ved hotellet, nøyt sola i kvar vår solseng, prøvde ut temperaturen i bassenget og berre tok livet heilt med ro. Og ja, sjølv om me sat ute på balkongen og åt middagen vår i går, kunne eg fint ha hatt nokre veker til med ordentleg sol, sommar og bading. Bilete frå turen kjem litt etter litt, eg lover, men dagane går i eitt her heime med lesing og skriving i samband med masteroppgåva, måling av soverommet og anna "småpjus". Men nok om det. I dag vil eg rett og slett dele nokre bilete frå helga vår på Langhus. Det fyrste me måtte gjere då me kom dit, var å hoppe på trampolinen saman med ungane ;) Me gjekk turar i nærområdet, klappa fine kattar og såg Disney-filmen Frost. Må nok innrømme at det var ein fengjande film, og det var kjekt å ha eit lite påskot til å endeleg sjå filmen! Så koseleg å få vere tante til så fine ungar :)

Legg igjen ein fin tanke