30. sep. 2015

Tre loppemarknadar på ein og same dag :)

Sjølv om me heller ikkje denne gongen fann noko då me var rundt og farta på loppemarknadar, tok eg nokre bilete. Det er jo alltid så mykje moro og rart å sjå: morosame figurar, kjekke bøker som får fram barndomsminne, fine glas og vasar, gryter med retromønster og gamle LP-plater. Tenk kor mykje rart ein kunne ha samla på om ein kjøpte alt berre frå bruktbutikkar og loppemarknadar!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Røverdatter sa...

Jeg hadde så avgjort stukket av med Sofies Verden på det første bilde der. Sist jeg var på loppemarked kom jeg hjem med 5 nye bøker av Jostein Gaarder :-)

Silje sa...

Har nok den boka frå før i bokhylla her heime ;) Men viss ikkje hadde den nok blitt med heim, for eg er også veldig glad i å lese bøkene til Gaarder (til dømes "Kabalmysteriet")! :D

Legg igjen ein fin tanke