28. okt. 2015

"Always"

For halvanna veke sidan bestemte eg meg: dette kruset som eg hadde sett med ut i denne Etsy-butikken, skulle bli mitt! Som sagt, så gjort. På laurdag fekk eg henta det på postkontoret, og no har eg byrja å bruke det. På kruset kan ein lese eit sitat frå den aller beste bokserien, eit sitat dei aller fleste Harry Potter-fan kjenner til. Kruset er så enkelt og samstundes så elegant. Og så var det pakka inn i ein søt, liten boks med namnet mitt på. Nytrakta kaffi i eit Harry Potter-krus, noko som for meg er ei lita kvardagsglede og oppmuntring medan eg jobbar med masteroppgåva.

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

åh, ja! det sitatet har jeg på mobildekselet mitt. det er så fint! og så tror jeg at jeg always vil være opphengt i harry potter, så det har på en måte flere betydninger også. haha! ;)

Silje sa...

Kjenner meg veldig igjen i det du seier om å "always" vere hekta på Harry Potter ;) Mannen i heimen er akkurat litt for gammal til å ha vakse opp med bøkene og filmane, men han må nok finne seg i å sjå filmane om og om igjen, rett og slett leve med ein Potter-nerd! Hi, hi! :)

Røverdatter sa...

For et fint krus! Og det passer jo stålende som julegave til enkelte venner :D

Silje sa...

Eg hadde i alle fall blitt veldig glad for å få ei slik gåve til jul, men eg klarte berre ikkje å vente ;)

Sandra sa...

Finaste citatet <3

Silje sa...

Så absolutt <3

Legg igjen ein fin tanke