4. okt. 2015

Rosa paraply og minitiger

No når dette innlegget kjem ut, er me på flyplassen og snart klare til å reise til Hellas. Trur nok me begge kjenner på at det skal bli greitt å berre slappe av ei veke, og ikkje tenkje så mykje på verken jobb eller skule. Litt pensumlesing blir det jo, men har også med meg ein liten haug med andre gode bøker :) Me kjem ikkje til å vere særskilt mykje på internett, så eg har laga nokre blogginlegg på førehand. Så håper eg alle har hatt og får ei fin veke. Mykje fint i sundagslista også denne gongen:

✦ at eg her om dagen kom på alle dei gode minna frå den fine, lille danske byen Sæby
✦ samlingsinnlegget over septembertemaet av Monthly Makers
✦ høyre "Kamilla og Sebastian" på radioen heilt i byrjinga av veka :)
✦ "Dette er Downtom Abbey-stjernens sterkeste minner fra serien"
✦ vere med våre nieser og vår nevø :)
✦ fargerike og glade blogginnlegg hos Ida og hos A Beautiful Mess
✦ søtaste babystinkdyret
✦ sjå ein rosa paraply i ein hekk og ein liten leiketiger på eit gjerde
✦ denne minidokumentaren om finaste Gamlingen – eg lo og græt om kvarandre
✦ få oppleve Mary Poppins som musikal på Folketeateret
✦ "I love musicals" – dette skulle eg jo ha fått med meg ;)
✦ at NRK no er i gong med å sende den siste sesongen av Downton Abbey, berre ei veke etter britane (einaste problemet er at eg ikkje vil innsjå at det heile snart er over...)
✦ finaste kjærleiksforteljinga hos Mariell
✦ om uttrykket å "hjelpe dem der de er" – les den!
✦ om berre nokre timar er me framme i Hellas
✦ Tanesha bak bloggen Girl with Curves, skriv her så bra om kropp og sjølvbilete

0 kommentarer: