21. okt. 2015

Og litt frå området i dagslys

Mellom skriving og lesing er det eit fint avbrekk å sjå litt på bileta frå turen vår. Her kjem då altså nokre bilete ved hotellet om dagen, i motsetning til i går. Hotellet er ganske så stort, og med ein god del gjestar, men det var alltid ei solseng ledig, både ved bassenget og nede ved stranda.


Me prøvde berre det eine bassenget (i tillegg til tempen i sjøen), men på Lindos Princess finn ein tre store basseng, både med og utan sklier. Ein finn også nokre små basseng, så her er det noko for alle. Har jo også bilete frå då me var uti ein tur, men som nemnt så kjem bileta litt etter litt.


Palmar og fargerike blomar og buskar. Alltid like eksotisk ;)


Til slutt, då me stod og venta på bussen som skulle ta oss til flyplassen, tok eg fram det lille kameraet og knipsa nokre bilete av inngangen til hotellet. Turen var snart over. Og eg lover: i neste Rhodos-innlegg skal eg hugse å leggje ved nokre bilete av oss og ikkje berre omgjevnadane!

2 kommentarer:

Røverdatter sa...

Hjelpes, jeg savner sol og varme! Det ser helt fantastisk deilig ut!

// Enig! Det er absolutt helt fantastisk! Helga har vært utrolig fin! Håper du har hatt en behagelig helg! :)

Silje sa...

Me nordmenn har jo ikkje akkurat fått oppleve noko særskilt til sol og varme denne sommaren, så det gjorde ekstra godt å få reise litt bort og få nyte ei sommarveke i oktober! :D