16. okt. 2015

Om det å reise med tog

For akkurat to veker sidan sat me på toget på veg til Oslo. Det er noko eige ved det å sitje på tog; det går så fort samstundes som det går seint. Gir det noko meining? Ein ser hus, tre og vatn fyke forbi medan ein sjølv sit inne på toget med gode bøker, strikketøy, kryssord, TV-serie på dataen eller kanskje ein berre sit der, ser ut og lar tankane fare. Frå Stavanger til Oslo er det åtte timar med tog, så om ein ser bort frå strikketøyet, gjorde me vel alt det som nenmt ovanfor. Las i pensumbok og ei anna bok (som då altså ikkje var skulerelatert), løyste kryssord saman med min betre halvdel og me såg ferdig den aller, aller siste episoden av TV-serien White Collar (eg vil ikkje at den serien skal vere ferdig...). Sjølv om det tar åtte timar ein veg, og det ville gått mykje fortare å fly, er det herleg å senke skuldrene, slippe å tenkje på pakking av handbagasje, gå gjennom sikkerheitskontrollen, flybuss og alt det der. Ein møter berre opp, setjer seg på toget og så tar toget deg med frå A til B. Ein får tid til å tenkje, til å slappe av med eit interiørmagasin, og om ein kikkar ut vindauget, er det alltid noko nytt å oppdage. Å ta toget til Oslo er ei fin greie i ein elles travel kvardag :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ingvild S L sa...

Enig, toget er min favoritt måte å komme meg østover på!
Nå som vi bor på Dale og kan gå til stasjonen på 3 minuter er det ihvertfall ingen tvil om hva vi velger :)
Og når man reiser med barn er familevogna utrolig bra tilrettelagt ;)

Silje sa...

Me bur nok litt lengre unna stasjonen enn tre min., men det er likevel mykje enklere enn å komme seg til flyplassen herifrå. Det er eit eller anna ved det å reise med tog som gjer reisen så behageleg ^^ Og eg skjønner godt at familievogna er alle tiders ;)

Legg igjen ein fin tanke