15. okt. 2015

Gamlebyen på Rhodos

Sidan me budde eit godt stykke utanfor Rhodos by, var me ute på utflukt berre to av dagane. Men for oss var det eigentleg heilt passe i og med at me aller mest var på ferie for å slappe av, senke skuldrene og nyte sola ved bassenget. På onsdagen tok me den lokale rutebussen inn til Rhodos sentrum, nærmare bestemt gamlebyen. Tok berre med meg det lille kameraet, men bileta blei no heilt okei. Gamlebyen i Rhodos er en middelalderby med arkitektur frå fleire ulike periodar.



Det er her du finn dei små, rare butikkane med all slags moglege souvenirar, bygg med mykje historie, små restaurantar og kaféar og mange vakre blomar. Me var berre i gamlebyen og ikkje i den nyare delen av byen, men for oss var akkurat passe å "berre" vere der. Fann nokre fine ting å ha med heim, noko fint som diverre ikkje blei med heim og ganske mykje anna rart.


Eg kan vel ikkje påstå at me fann på så mykje å gjere anna enn å gå rundt i byen og berre kikke, men det er eit eller anna ved det. Vandre rundt, berre sjå på alle detaljane, oppleve ein ny stad.



Me skulle jo nesten hatt med oss eit kart med forklaringar slik at me kunne ha visst litt meir om alle bygga me såg. For dei var mange av dei, nokre med spir og nokre som likna ein borg.



Figurar, skåler og tallerkenar laga av glas og keramikk såg me i mange av butikkane. Så mange fine og klare fargar. Alltid så kjekt med friske og sterke fargar, eg blir så glad av det! :D



Før me tok bussen heim til hotellet, åt me lunsj i gamlebyen. Og det var ikkje små porsjonar kan du tru! Eg hadde ikkje ein sjanse til å ete opp porsjonen min med kyllingsalat sjølv om den var veldig, veldig god :) Tok bilete av kysten og eit siste bilete inne i gamlebyen før me til slutt sat på bussen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Herlig! Har hørt så mye fint om Rhodos så der må vi nok ta en tur en gang :)

Silje sa...

Var der fyrste gong for ti år sidan med skulekorpset. Sjølv om eg hadde det veldig kjekt då, var denne turen nesten som å vere der for fyrste gong sidan me no berre var to og budde på ein annan del av øya :) Så herleg å kjenne sol og sommar når det her heime er mørkt, kaldt og ordentleg haust ;)

Legg igjen ein fin tanke