24. okt. 2015

Minigolf

Så klart måtte me jo prøve ut minigolfbana ved hotellet. Utruleg lenge sidan sist, og sjølv om det var mannen som var mest gira, må eg vel berre innrømme at det var ganske så artig. Hugsar ikkje akkurat kor mange baner det var, men for oss var det heilt passe, og banene var også passe ulike.


"Ta bilete av meg no!" Litt posering med hatt, solbriller og minigolfutstyr måtte jo til ;) Kanskje ikkje det mest praktiske antrekket når ein skal spele golf, men det var no slik det blei. Sjølv om hatten ikkje er den aller finaste i verda og "turistete", var den veldig grei å ha når sola var så sterk.


Då me kom til bana på det nedste biletet, var me begge litt reserverte, for den såg vanskeleg ut. Men han klarte den på to slag, og eg, joda, hole-in-one! Okei, mannen vann sånn totalt sett, men det var berre eg som klarte å treffe eit av hòla på det fyrste slaget! Kjekk aktivitet å prøve på ferie :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så koselig :)

Silje sa...

Me hadde det ganske så moro sjølv om ingen av oss er noko særleg på å golfe (kan ein seie det?!) til vanleg :)

tea sa...

Hihi, det så morsomt ut! Nå er jeg ingen fan av golf, men minigolf er jo noe heeeeelt annet, haha. ;)

Silje sa...

He, he! Er heilt einig i det du seier her, Ida! ;)

Legg igjen ein fin tanke