2. okt. 2014

Pen gjenbruksgenser

Her om dagen hadde eg på meg ein av genserane eg fekk med meg heim då me va ein tur på Sunnmøre tidleg i september. Veldig kjekt å kunne ta plagga i bruk, både fordi dei er fine og annleis, og fordi dei er arva og med det gjenbruk som eg er veldig for :) Og så har eg klippa meg, noko som ikkje synest på biletet i og med at det skjedde dagen etterpå. Heilt fantastisk kjensle, for eg merkar at eg trivst best med halvkort hår enn med skulderlangt. Skulen, pensumlesing og strikking er det dagane har gått med til i tillegg til innkjøp og meir måling. Snart, så snart!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

:-) Den var fin! Du kler den godt, og så er den jo litt småsøt med den spesielle kragen og perlemorsknappene. Jeg er så glad for at du så nytten i noe av alt det som jeg har stappet inn i skapene mine gjennom flere år! Ehh...tiår, tenker jeg vi sier :-)

Silje sa...

Mamma liker også dei knappane veldig godt :) Og "puffane" på skuldrene er veldig søte! Gleder meg til å ta dei andre plagga i bruk litt etter litt :)

Legg igjen ein fin tanke