23. okt. 2014

Kuriositetar

Inspirert av dette innlegget, vil eg her lage ei lita liste. Ei liste med nokre av mine sære trekk, for eg trur nok me alle er litt rare og sære på ein eller annan måte. Sånn før eg viser lista mi, så er det eigentleg ikkje så mykje nytt å fortelje. Det går i skule (ikkje forelesning, men har jo likevel pensum som må lesast), han jobbar og så er det ein del øvingar med orkesteret denne veka fordi me skal ha konsert både laurdag og sundag. Og så fiksar me litt rundt i heimen. Under finn de lista mi:

✦ eg er ikkje noko A-menneske, så om morgonen når eg ikkje vil stå opp, gøymer eg meg under dyna til han kjem og seier at no er det på tide å stå opp
✦ når eg tar bussen til nye stadar eller er i ein ny by eller eit nytt land, får eg ein uforklarleg, og ein nesten ubeskriveleg, utforskartrong; eg vil sjå alle gatene, alle dei små stikkvegane no, no med ein gong
✦ pledd bruker eg like mykje om sommaren som om vinteren, ikkje fordi eg er kald, men fordi det for meg er ordentleg hygge
✦ den songen eg oftast får på hjernen, sånn heilt utan vidare, er temaet frå Indiana Jones-filmane, komponert av John Williams
✦ TV-serien Heartbeat er nok ein av mine absolutte guilty pleasure (eg storkoser meg når eg sit i sofaen med den serien på skjermen)
min førre mobiltelefon hadde eg i nesten fem år før den "konka" heilt, og den eg har no har eg hatt i godt over fire – så når det gjeld telefonar og anna elektroniske duppedingsar, bruker eg dei så lenge det lar seg gjere
✦ når håret mitt når skuldrene mine, klagar eg over det kvar dag, eg trivst rett og slett ikkje noko særskilt med (det eg kallar) langt hår (eg hadde relativt langt hår i ein periode i tenåra. Men når ein ikkje liker å gå med håret i hale i meir enn to timar, er ikkje langt hår noko praktisk. Og utan fall i håret heller ikkje særskilt fint, i alle fall ikkje på meg)
✦ eg er veldig, veldig glad i krim, både å lese krimromanar og se på krimseriar (britisk krim er best), og Agatha Christie er vel favoritten. Trur eg har lese alle Poirot-bøkene minst to gongar
✦ om ein tenkjer på ordet "lettrørt", så har du meg i eit nøtteskal. Eg græt av filmar og av songar ("Into the West" med Annie Lennox fekk meg alltid til å gråte dei fyrste gongane eg høyrde den). Eg græt når eg les ein trist/kjekk/rørande artikkel i avisa, tårene mine kjem rett og slett veldig fort
✦ nysa mine høyrer ut som nokre små pip, og til slutt....
✦ eg elskar musikalar!

Legg igjen ein fin tanke