6. okt. 2014

Haust oppe på fjellet

Så vakkert det er ute no. Små, korte solglimt mellom alt det grøne, brune, gule, raude. Oppe på fjellet, sånn rett utanfor hytta, var det så mykje fint å sjå på. Blomar i bedet nedanfor terrassen, fine bjørketre med knallgule blad, lilla lyng og kvite sopp på det eine treet. Rett og slett fint, så fint.

0 kommentarer: