9. okt. 2014
Cafe Babalú
Ute blæs det, regnet har hølja ned, ja, det har til og med hagla. Hausten er her for fullt med både fine og ikkje fullt så fine dagar. Når dagane berre er grå og kalde, slik som i dag, er det veldig herleg å ha noko fint å tenkje tilbake på, som denne kaféen me besøkte i Reykjavik 30.mai i år (akkurat eit år før me giftar oss...). På vår siste dag i byen, var me som nemnt i The Blue Lagoon, me åt tyrkisk mat til middag og til slutt var me innom Cafe Babalú. Eg syntest den såg ganske harry ut, med neonlys og knalloransje måling, men han der fine var fast bestemt på at her skulle me inn. Og eg innrømmer at det var ein utruleg koseleg plass, og så var det så mykje rart å sjå på. Det var ei kiste som bord med glastopp og under glaset har gjester putta all slags moglege billettar, inventaret var loppisar i all slags fargar og stil, gamle bøker, krus med "I love NY" på (dagen etter reiste med jo nettopp til den byen), knallgod kake og kaffi, fine helsingar på veggen og berre ei fantastisk stemning! Slike kaféar kunne eg gjerne besøkt kvar dag, men då hadde nok lommeboka mi vore veldig tom ;) Kjekt å difor kunne ha nokre bilete slik at me kan mimre oss tilbake til Reykjavik i slutten av mai månad, kanskje særskilt no når det er mørkt ute og regnet bøttar ned.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke