
✦ koseleg å mimre tilbake til New York-turen vår med god sjokolade frå ein godtebutikk og det å pakke ut Broadwayprogramma (og denne butikken skulle me jo ha vore då me var i Brooklyn)
✦ at me endeleg kunne flytte inn i leilegheita; trur me kjem til å trivast veldig :)
✦ å starte vennegruppe – så modig gjort av ein femtenåring
✦ tur til Trondheim til helga
✦ lese sterke og rørande historier som denne og denne
✦ som vanleg nokre søte kattungar i denne videoen og i denne
✦ fine blogginnlegg, det eine om tur på eit gammalt tog (nesten som å sjå på Poirot) og det andre om "sanntankar"
✦ vente på at Downton Abbey skal komme på skjermen i kveld
✦ smile av denne morsomme pannekakevideoen
✦ eg vil også gjere slik når eg ein dag blir gammal (for eit nydeleg par)
✦ "Slik tok de et friår i naturen" – kanskje ikkje eit heilt år er noko for meg eller oss, men det må jo likevel vere heilt fantastisk å gjere det om enn berre for eit par månadar
✦ kose oss med ein liten Kvikk Lunsj som tok oss rett tilbake til Island (millimál er etter det me kan sjå islandsk)
✦ sjå på bileta frå fotograferinga førre sundag, for sjølv om det var nokre rare i og med at me ikkje er vande med å stå slik foran ein fotograf, var det også veldig mange fine :)
Legg igjen ein fin tanke