20. okt. 2014

Mormors stue og marknad på torget

Etter å ha vore hos gullsmeden i godt over ein time på fredag, var det godt å finne ein koseleg plass der me kunne ete lunsj og drikke ein kopp med kaffi. Valet fall på Mormors stue, og her sat me i fred og ro med god mat og drikke. Atmosfæren var varm og god, og interiøret frå eit heilt anna tiår, ja, til og med anna hundreår. Og for ein adresse ;) Tok oss ein tur til byen også på laurdag, og då snubla me som sagt over bondens marknad. Her hadde dei mykje godt og artige namn, som "Fyllekuler" på eit sjokoladeprodukt og "Med svin på skogen" (som då altså er namnet på ein bedrift). Me kjøpte med oss nokre gåver før me tok bussen tilbake dit me budde heile helga.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Så mange fine bilder - jeg får rent "heimlengsel"! Har jo noen Trondheimsår bak meg, og har trasket mye rundt i de gatene der.
Forresten trodde jeg ikke de produserte sjokolade i Selbu. Trodde de holdt seg til Selbuvotter :-)

Silje sa...

For å seie det slik: håper det ikkje blir så altfor lenge til neste gong med er i byen, for en er ordentleg fin, og så mykje å sjå og utforske :)

Legg igjen ein fin tanke