25. okt. 2014

Frå kjøkkenbord til ein stilig pult


Det lille kjøkkenbordet me hadde då me budde i Kr.sand, det med ein raud- og kvitrutete duk på, var byrja å bli så slitt at anten var det rett på "dynga" eller så måtte me prøve å fikse det på eit vis. Som de ser på bileta, hadde målinga byrja å flasse, så det var ikkje fint lenger. Her i leilegheita har me ikkje plass til eit kjøkkenbord på kjøkkenet, me et ved spisebordet vårt som står i stova. Men pulten som me hadde i Kr.sand, er for stor (og nesten øydelagt) til å ha her, og med det passar jo kjøkkenbordet perfekt som ein liten pult, eit kontorbord, inne på fleirbruksrommet. Måtte jo som sagt fikse på det, og då var det fram med The New York Times, eit kart me kjøpte på turen vår i sommar, pensel og decoupagelim. Og vips – etter ein dryg time såg bordet så utruleg mykje betre ut. Kjem til å bli kjekt å kunne sitje ved det bordet, sjå litt på kartet og avisutklippa og så klart skrive oppgåve eller andre skulerelaterte saker. I kveld skal me ha operakonsert med orkesteret og det blir det også i morgon kveld. Mange taktar å telje, men det er jo likevel kjekt å spele altså ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He, he - kreativiteten lenge leve :-) Bra dere ser nytten i gjenbruk, for det er nok av de som bytter ut møbler med to-tre års mellomrom, bare for å følge trendene !!
Skal dere ha ei glassplate over?

Silje sa...

Jo, takk! Me prøver i alle fall så lenge ting ikkje er heilt øydelagt :) Nei, ingen glasplate over. Lurte på å laminere det, men enn så lenge så trur eg det held (decoupagelim er ein blanding av lim og lakk, så det er eit belegg heilt øvst).

Legg igjen ein fin tanke