29. okt. 2014

Eit "nytt" sofabord

Endeleg! I går fekk me på plass sofabordet vårt etter å ha fiksa ein god del på det. Bordet er kanskje ikkje det finaste og er kanskje ikkje akkurat den stilen me vil ha. Men – det er stort, to "etasjar" og med det praktisk. I staden for å kjøpe eit heilt nytt sofabord (for det har gått nok pengar til andre ting, som spisebord og -stolar, ny sofa, måling, gardiner osb.), så har me pussa, grunna og måla. Og eg trur rett og slett me seier oss nøgde med det i denne omgang. Kanskje blir det eit nytt bord neste år eller om to år?! Har ikkje tenkt så langt, men ved å bruke målinga me allereie hadde i hus, har me ikkje betalt noko særkilt for å oppgradere bordet anna enn i tid. Glaset i midten blei frosta (ikkje lett å få det jamt...) med ein spray slik at det faktisk kan liggje litt rot i den nedste etasjen utan at det gjer noko ;) Pussinga og grunninga gjorde eg jo i sommar, men det er fyrst dei siste vekene at eg har tid til å måle to strok, froste glaset og måle trekantane. Bordet blei kjøpt brukt på finn.no då me flytta til Kristiansand i 2010, noko de kan sjå på det fyrste biletet. Merket er Gangsø og liknar veldig på dette. Så får me sjå kor lenge me kjem til å ha det, men enn så lenge fungerer det veldig bra. Tenk så lite som skal til med litt tolmod, måling og kreativitet :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Det er det jeg sier: kreativiteten lenge leve! Bra resultat som dere kan ha nytte av i lang tid.
Og vårt gamle teppe, som din kjære fikk med til hybelen i Stvg for en del år siden, gjør fortsatt nytten ser jeg :-) Jeg blir glad når jeg ser det, for da får jeg minner om kjære Sofiepusen min som jeg fortsatt savner :-( Hun likte så godt å ligge på det teppet! Slitesterkt må det i hvert fall være...

Silje sa...

Må diverre skuffe deg med tanke på teppet: det øvste biletet er fire år gammalt, så me har ikkje teppet no lenger. Men det heldt seg alle åra i Kr.sand :) Når det gjeld bordet, så trur eg me seier oss nøgd med det, ja :D

Legg igjen ein fin tanke