21. okt. 2014

Så mykje rart å sjå

Før me drog av garde til Trondheim, søkte eg litt rundt på nettet for å finne brukt- og vintagebutikkar i byen. Skreiv ned nokre adresser slik at eg hadde noko å gå etter. Eg er blitt meir og meir glad i å finne ting, anten klede, glasbolle, pyntegjenstand eller liknande, i bruktbutikkar, så når me då skulle til ein annan by, måtte eg jo nytte sjansen. Ikkje alltid at eg finn noko, men det er jo likevel så innmari kjekt og artig å berre gå rundt og sjå. Og sjå og sjå. For det er no uansett ikkje alt eg har råd til i slike butikkar, så då får eg nøye meg med å "vindusshoppe". Eg skreiv ned ein tre-fire butikkar, og to av dei, Tante Isabel og Sirkulus, fann me og stakk difor innom. Å vere inne hos Tante Isabel var som å vere inne i eit lite dokkehus. Neida, det var ikkje fullt så lite, men det var litt trangt der, ja. Lavt under taket, ting og klede overalt, og min betre halvdel sa at han blei nesten svimmel ;) Me fann nokre fine pyntestoff som eg skal sy puter av og også ein stilig, retro tallerken. Litt større inne på Sirkulus og også her fann eg noko som eg skal bruke som duk eller pute. På vår tur rundt om i byen, dukka det plutseleg opp enno ein butikk, og du kan tru at den var stor. Antikvitetshuset Tordenskjold trur eg det var. Gamle brudekjolar, vaser og glas i alle slags moglege fargar, gamle, gamle møblar og så mykje, mykje meir. Her trur eg at ein må bruke ein heil dag skal ein få sjå alt som er å sjå, så her vil eg definitivt tilbake ein eller annan gong.

Legg igjen ein fin tanke