28. okt. 2014

Med Poirot i spissen

Haust er regn og grå dagar, men også fargerike tre og herleg luft. Haust er stearinlys og ein kopp med te eller ein kjekk serie og kaffi. Men den er også god og spennande bok når det blæs som verst ute. Akkurat no er i gong med den nye boka om Cato Isaksen, Brudekisten, som Unni Lindell har skrive. Krim er lett å lese ved sidan av all pensumlitteraturen. Så førre veke las eg ut ein annan krimbok, nemleg Monogram-mordene av Sophie Hannah. Ei ny bok med Poirot som hovudperson, skrive av ein anna forfattar enn Agatha Christie, kan det bli bra? Der er det nok vanskeleg å bli einige, men eg må seie at boka overraska meg positivt. Før eg byrja å lese den, tenkte eg at uansett kor "bra/dårlig" boka, ville eg gje den ein sjanse. For Poirot er jo ein av mine favorittar innan krim, så ei ny historie ville eg ikkje gå glipp av. Og Hannah hadde jo spurt Christie sine etterkommarar om lov til å skrive boka, noko eg tar for å vere ei tillitserklæring. Det er nok av personar å halde styr på og nok av "falske" leietrådar, akkurat som det skal vere i ein Poirot-roman, så der har Hannah klart seg ganske så bra i mine auge. Eg-personen i denne boka er ikkje kaptein Hastings (men han blir no nemnt), men ein Edward Catchpool frå Scotland Yard. Sjølv om det er litt uvant, er dette eit veldig pluss til forfattaren, for med dette grepet viser ho at ho ikkje er Christie og at dette er hennar eigen roman sjølv om Poirot er hovudpersonen. Ein merkar at språket ikkje er heilt det same utan at ein heilt klarer å setje ord på det. Men om ein ser bort frå det, så er det ein underhaldande roman med mange av dei trekka ein kjenner frå ein klassisk Poirot-roman: mange personar, samlinga i eit rom mot slutten, Poirot sine "grå celler" og små detaljar. Eg koste meg veldig og klarte omtrent ikkje å leggje den frå meg! Og les gjerne denne meldinga frå dn.no.

Legg igjen ein fin tanke