✦ langhelg i Trondheim der me fekk tid til å treffe vener, slekt og ha god tid til kvarandre
✦ gå rundt i både små og store bruktbutikkar, så innmari fine og spennande, berre sjå, ta inn alle inntrykk og finne nokre fine skattar✦ nydelege innlegg om bryllaup som denne om ein kjole til berre tohundre kroner (og den er ganske så fin også) og denne med så ordentleg fantastiske bilete
✦ gå tur i nydeleg haustvêr berre nokre rimar før me tok flyet heim til Sola/Stavanger
✦ le av videoar, den eine med den "ukjente" Ylvisbroren, den andre med ein veldig kosete og musikkinteressert katt
✦ det faktum at leilegheita byrjar å sjå ut som ein skikkeleg heim
✦ finne gifteringar
✦ herleg å lese ei historie som denne; eg drog i alle fall ordentleg på smilebandet
✦ plutseleg "snuble over" bondens marknad på torget i Trondheim med både fine garnnøste, grønsaker, sjokolade, syltetøy og mykje anna fint og godt
✦ alle fargane ute i naturen, dei gjer meg så glad
Legg igjen ein fin tanke