14. okt. 2014

Montering av stolar

For nokre veker sidan var me rundt omrking på Forus for å finne gode spisestolar til bordet me hadde kjøpt. Me fann ein type hos Living (no Skeidar), men me kjøpte dei ikkje med ein gong. Berre eit par dagar etterpå fann eg seks stolar, akkurat same type, på finn.no, så då slo me til. Dimed hadde me seks fint brukte stolar, men i og med at me hadde kjøpt med ileggsplate til bordet, ville me ha to til. Som sagt, så gjort. I går fekk me henta dei hos Skeidar, og i dag har eg fått montert dei begge to. Litt handywoman, ja ;) Og så har eg fått måla det fyrste strøket på sofabordet vårt (på biletet: berre grunning på bordet, ikkje måling). Få forelesningar dei neste vekene, så det blir nok både pensumlesing, skuleoppgåve, pusle med ting og tang her i heimen og litt bryllaupsplanlegging i tida som kjem. Og øving med orkesteret, tur til Trondheim, konsert med orkesteret i tillegg til Siddis Brass om berre få veker (må jo høyre på finaste Agder Brass i alle fall).

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Se der ja ! Blir bra det Silje. Og så e det jo kjekt og ! Ikkje sant ? ;)

Silje sa...

Joda, satsar på at det blir bra, Og så blir det kanskje nokre trekantar i ein anna farge på den øvste delen av bordet, for det trur eg blir stilig! :)

Legg igjen ein fin tanke