18. okt. 2014
Ute på tur i bartebyen
Er berre ein kjapp tur innom for å vise de bokre bilete frå finaste Trondheim. Her har det vore nokre dagar med herleg haustvêr, kafébesøk, veninnetreff, litt shopping, både nytt og brukt og me har berre vandra rundt i Midtbyen og tatt det heilt med ro. Og så har me funne gifteringar i kvitt gull hos Gullsmed Aas. Sat der i godt over ein time i går med ei kjempehyggeleg og serviceinnstilt dame, så eg trur me kjem til å bli kjempenøgde! Var ute på restaurant med, og etterpå heime hos, ei av mine beste veninner i går, noko som var ordentleg kjekt, både det å treffe ho og med det ha mange timar foran oss med prating, og også det å kunne sjå kor ho bur :) I kveld blir det bort til Byåsen for å treffe nokre vener av kjærasten min, og så er det "heimatt" i morgon ettermiddag.
Merkelapp
hygge,
loppis og gjenbruk,
reise
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Er det øverste bildet fra Mormors Stue? Har i såfall vært der :-) Jo, Trondheim er en koselig by, men den har jo forandret seg en del på nesten 40 år!
PS: Om jeg ikke husker feil så kjøpte også vi et par gullringer hos samme gullsmed - for noen og ørten år siden :-) Uff som åra flyr!
Det er Mormors stue, ja :) Ein koseleg plass å ta ein kaffe og litt lunsj etter nokre timar med shopping ;) Me har hatt ein veldig fin tur, og byen viste seg frå si beste side med sol og herleg haustvêr! Litt vittig det med gullsmeden, då :P
Legg igjen ein fin tanke