5. okt. 2014

"Farger i en vind"

Så utruleg herleg å stå opp i dag og sjå at det var opphald ute. Med sol og det heile. Me skulle nemleg i løpet av dagen ut for å ta kjærastebilete/trulovingsbilete med bryllaupsfotografen vår, og det såg ikkje så bra ut med mykje vind og regn i går og i natt. Men heldigvis titta sola fram og det var rett og slett herleg ute. Spent på å etter kvart sjå bileta :) I går var me rundt om på Forus for ein del ærend og kom oss til slutt til leilegheita der me nok ein gong tok fram målarkost og -rulle. Slappa av resten av kvelden med (som nemnt) god tacolaks og noko å sjå på (som blei ein episode av Mad Men) og var med det klar for pensumlesing og biletetaking i dag. Og ei lita sundagsliste:

✦ dei fine fargane på trea slik dei er no om hausten
✦ sitje på bussen på veg til skulen og sjå skilt med bilete av eit piggsvin og teksten "Her går jeg"
✦ fin oktoberliste hos Et dryss kanel
✦ møte bryllaupsfotografen vår ute i oktobersola for å ta trulovingsbilete
✦ for ein herleg katt som trur den er ei løve
✦ ein fantastisk retroheim og denne artikkelen om gammalt og gjenbruk
✦ klippe håret 
✦ at dusjkabinettet vårt endeleg er på veg og at det då ikkje er så altfor lenge til me kan flytte inn (for no er eg lei av å vente)
✦ ein ordentleg morosam geitein tøff, liten katt og ein sukkersøt koala
✦ å vere med opp til hytta ein liten tur i greitt haustvêr
✦ stovebord- og stolar er i hus, og eg trur det blir kjempefint når stova er rydda og me får sett det på plass
✦ romantiske hotell i Europa
✦ høyre på MUNA om og om igjen

Legg igjen ein fin tanke