30. sep. 2014

Laurdagstur til Figgjo

Eit lite biletedryss frå turen vår til Figgjo for tre dagar sidan. Då var det jo nemleg antikk-, retro- og samlemesse i Figgjohallen i regi av Kanalbruket. Her var det, som allereie nemnt, veldig mykje fint og ein god del dyre ting. Skjenken vår var der (sånn omtrent), med bein og det heile, for den som me kjøpte i påska var utan bein, noko som kjærasten fekk fiksa i sommar. Store, fine verdskart hang på veggen, fine retroservise og gamle glas stod på utstilling og Televimsen var der. Artige gamle skilt og stilige gryteklutar såg me også. Men den eine tingen som blei med oss vidare frå Figgjo, får de sjå sidan når den er gjort ordentleg i stand og komme til rette i heimen vår :)

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

Jeg kjente igjen noe med en gang jeg så første bildet, ja :-) Det kan vel hende at det har vært et populært møbel en gang i tida.
Ellers minner bildene meg om at tingene var utrolig mye mer fargerike for noen tiår siden - nå skal det jo være mest mulig nøytralt, både når det gjelder vegger og inventar. Se bare på de flotte fargene på de skålene! Og kaffekannene. En slik boks som det står kaffe på har vi forresten her i huset - jeg hadde under en ryddeaksjon tenkt å levere den ned på Kyrkjetorget (den plassen du liker så godt, du vet), men har ikke kommet så langt enda. Du kan få den helt gratis, om du vil :-)

Silje sa...

Tar gjerne i mot ein slik kaffiboks, for sjølv om me har ein kaffiboks frå før, går det an å ha noko anna oppi i og med at boksen er så kul uansett :) Og fargar blir det i alle fall nok av inne på fleirbruksrommet vårt :D