10. okt. 2014
Det fyrste døgnet
Å ete god avokadosalat til middag i vår eiga leilegheit, er verkeleg ikkje å forakte ;) Me har ete her før i løpet av dei vekene me har pussa opp, men det er fyrst i dag at me tok i bruk det nye spisebordet og verkeleg laga ordentleg middag. Etter at dusjkabinettet var oppe i går, var det berre til å pakke saman resten av tinga våre (klede, sko etc.), og etter å ha ete siste middagen på Sola, for no i alle fall, drog me av garde. Opp tre etasjar med koffertar, store søppelsekkar og nattbord. Pakke ut noko av det. Til slutt leggje oss i vår eiga seng, den senga som er eit hakk større enn det me har hatt dei siste månadane. Nye, rare lydar. Men me sovna, og det er rett og slett veldig godt å endeleg kunne seie at me har flytta inn i vår heim. Vår eigen heim, oss to, han og eg ♡
Merkelapp
interiør og bustad,
kjærleik,
kvardag,
mat og drikke
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer fra oss :-) Det er dere vel unt!
Tusen, tusen takk! Veldig godt å endeleg kunne flytte inn og bu her sånn på ordentleg, ikkje pendle fram og tilbake kvar dag :)
Legg igjen ein fin tanke