16. mars 2014

Topp 5 – amerikanske krimseriar


Eg har alltid likt å lese spennande krimbøker eller sjå krimseriar. Britiske krimseriar, slike seriar som følgjer politifolk eller ein privatdetektiv (til dømes Inspector Morse eller Poirot), dei finst det mange av, og eg synest det er kjempevanskeleg å plukke ut berre fem. Så eg tenkte eg heller skulle plukke ut mine topp fem når det gjeld ikkje-britiske krimseriar, altså amerikanske krimseriar. Det var ikkje så lett å finne seriar som "berre" er krim; mange er blanda med element som litt humor, FBI, mysterium, horror osb. Men eg har klart å plukke ut dei eg liker best og som eg meiner er krimseriar. I denne betraktninga har eg ikkje tatt med seriar som The Killing – ein amerikansk versjon av den danske Forbrydelsen – eller Prime Suspect som også er ein amerikansk versjon av den britiske serien med same namn. Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet om du har tips til gode krimseriar. Under er i alle fall mine topp fem amerikanske krimseriar:

Cold Case - Lilly Rush og teamet hennar i Philadelphia Police Department jobbar med cold cases - saker som ligg nokre år tilbake i tid (alt frå eit år til seksti-sytti år), men som enno ikkje er oppklarte. Serien skiftar mellom notid og fortid, noko som for meg gjer hele serien :)

Rizzoli & Isles - Rizzoli jobbar i politiet medan Isles jobbar som patolog. To herlege damer som ikkje berre jobbar saman, men som også er veldig gode veninner. Herleg serie med ein god dose humor, kjærleik og familieforviklingar. Ein "lett" serie som eg fekk anbefalt av ei veninne av meg :)

Unforgettable - tenk at du hugsar alt som har skjedd, kva vêr det var på den og den datoen for ti år sidan, kva klede venen din hadde på seg for nøyaktig to år sidan? Politibetjent Carrie Wells har ein slik hugs og det gjer at ikkje mange kriminelle kjem seg unna når ho er på saka. Men det er ein ting ho ikkje klarer å hugse: systera hennar blei drepen då dei var born, og denne hendinga er eit svart hol i Carrie sitt minne. Samtidig er det dette som driv ho i jobben som politibetjent

Dexter - denne serien er det nok mange som har sett, men eg tar den med. Serien handlar om blodsprutanalytikaren Dexter Morgan som jobbar hos Miamipolitiet. Det ingen veit, er at han på kveldstid er ein seriemordar som dreper skurkar. Dobbeltmoral? Ja. Fascinerande? Ja. Heile åtte sesongar blei det laga før siste sesong gjekk på skjermen i fjor. Ikkje alle var like bra eller like originale, men me, eg såg denne serien saman med kjærasten, har hatt nokre nervepirrande timar foran skjermen med Dexter.

Lie To Me - britiske Tim Roth speler hovudrolla i den amerikanske krimserien Lie To Me. I serien speler han dr. Cal Lightman som saman med teamet sitt hjelper organisasjonar og det lokale politiet til å løyse krimgåter eller andre liknande problem. Lightman er nemleg ekspert i å lese ansiktsuttrykk, microexpressions, og ved hjelp av dette og psykologi, kan han dimed sjå når nokon prøver å skjule kjensler. Ein interessant og annleis serie nettopp fordi det er psykologi og ansiktsuttrykk som står i sentrum for å løyse gåta, og ikkje DNA og fingeravtrykk.

Legg igjen ein fin tanke