Å strikke eller hekle ei lue, å måle eit bilete, det å lage noko med hendene, trivst eg veldig godt med. Til hytta har eg hekla dette teppet og sydd knappar på denne puta. Allereie no klør det i fingrane etter å lage noko og innreie vår eiga leilegheit. Vel, eg får nøye meg med å hekle litt, måle litt, lage kort og drive med decoupage i mellomtida. Vekas topp fem er mine favorittsaker som eg har laga sjølv som eg har her i Kr.sand, til dømes eit plagg, noko pynt eller eit bilete:
1) måleri - biletet av oss måla med akrylmåling laga eg medan eg gjekk på folkehøgskulen. Mykje småpirk for å få det så fint, men til dags dato er dette noko av det beste eg har laga sjølv!
2) lue - har strikka nokre luer før, men aldri ei så vanskeleg som denne. Fekk oppskrifta og garn til jul for nokre år sidan av svigers, men eg måtte ha hjelp for å komme i gong, for byrjinga på oppskrifta var ikkje så lett å forstå. Men det var kjekt å strikke den då eg fyrst kom i gong, og resultatet blei jo kjempebra :)
3) oppslagstavle - denne laga eg saman med pappa slik at eg kunne ha ei finfin oppslagstavle til å henge kort og bilete på inne på rommet mitt på folkehøgskulen. Inspirasjonen til å lage ei slik oppslagstavle, fann eg i Gjør det selv, ei bok av Helene S. Lundberg. No heng tavla inne på soverommet vårt med kort og bilete, akkurat slik eg brukte den då eg budde på Bømlo
4) fillerye av gamle T-skjorter - hugsar ikkje kvar eg fann denne idéen (eller oppskrift om du vil), men det finst mange forslag ute på den store verdensveven til korleis ein kan hekle ei fyllerye eller ei baderomsmatte av gamle klede. Den eg har hekla, ligg ute i gangen vår :)
5) sitat med bokhjarte - boksidene som hjartet er laga av, er til og med dyppa i kaffi (eller var det te?!) for å få dei til å sjå enno eldre ut (idéen fann eg på pinterest.com)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Er det et maleri?? Jeg har jo sett bilde av dette før, men var helt sikker på at det var et bearbeidet foto. Imponerende - kredit for den :-) Ellers må jeg vel beklage at jeg ga deg så mye bryderi i julegave :( Lei for det, men jeg ser at resultatet ble veldig bra (riktig fin). Når du blir lei den kan jeg kanskje arve den??
PS: Tirsdag reiser vi for å besøke barnebarna :-) Det skal bli spennende å bli kjent med dem - håper vi kan kommunisere brukbart, men det finnes jo tolker i huset!
Joda, det er eit måleri. Utgangspunktet er jo eit bilete, og så har eg brukt overhead for å overføre konturane til lerretet før eg byrja å måle (så litt "juks" er det jo i og med at det ikkje er måla heilt på frihand). Lua har eg brukt mykje, så sjølv om det var litt startvanskar, blei eg veldig nøgd med resultatet :) Så kjekt at de skal ned for å besøke barneborna på tysdag – må helse så mykje til dei alle saman! :D
Legg igjen ein fin tanke