11. mai 2014

Topp 5 – Poirotepisodar

"Ah, Hastings, my dear friend, they were good days. Yes, they have been good days... Hercule Poirot". Slik sluttar den aller siste episoden av TV-serien Agatha Christie's Poirot med den beste David Suchet som Poirot. Til saman blei det tretten sesongar med variert tal på episodar i kvar sesong. Episodane i sesong 1-5 er for det meste basert på novellene Christie skreiv med Poirot som hovudperson, og dei varer difor "berre" i femti minutt. Frå sesong seks og ut er episodane basert på romanane og varer i halvannan time. Sjølv må eg seie at eg liker best dei nyare episodane fordi dei framstiller Poirot ikkje fullt så karikert og at dei i det heile tatt har ein litt mørkare tone. Med heile sytti episodar, er det vanskeleg å plukke ut berre fem, men eg skal likevel prøve:

Cards on the Table (Kortene på bordet) - ein eksentrisk mann, fire såkalla detektivar og fire som kanskje er skuldige i mord. Kan det bli betre?

Peril at End House (Livsfare ved siste hus) - på ferie saman med venen Hastings, møter Poirot ei dame som er i fare og som kjenner seg trua på livet. Det som gjer at eg framleis hugsar denne episoden er slutten – nemleg det at mordaren ikkje er den du skulle tru.

The Disappearance of Mr.Davenheim (Mr.Davenheim forsvinner) - okei, dette er ikkje den mest spennande eller den mest originale forteljinga, men når ein faktisk skjønner handlinga utan å bli forvirra av Poirot si oppklaring (som ofte på ingen måte stemmer med det ein skulle ha trudd), så "må" jo dette bli ein av favorittane ;)

Dumb Witness (Det tause vitnet) - hunden som speler ei av (hovud)rollene er berre så søt. Og ganske så smart. Og grønfargen på skodda rundt hunden si matmor når ho blir tatt av dage, sit enno i minnet.

Curtain: Poirot's Last Case (Teppet faller: Poirots siste sak) - sist, men ikkje minst, må den aller siste episoden vere med på lista mi. Historia er ei verdig avslutning, og då eg såg episoden førre veke, skuffa den ikkje sjølv om eg hadde høge forventningar etter å ha lese boka relativt nyleg. Inst inne vil eg jo ikkje at det skal vere ferdig, eg vil dei berre skal forsetje å lage så mange Poirotepisodar som mogleg. Men Agatha Christie skreiv ikkje fleire historiar, og med Curtain er det slutt for godt. Bra det finst DVD-ar slik at eg kan sjå favorittepisodane om og om igjen :)

Legg igjen ein fin tanke