23. feb. 2014

Topp 5 – norske forfattarar

Opp gjennom åra som den glade bokorm og ein ivrig lesehest, har eg slukt nokre bøker med både norske og utanlandske forfattarar. I dag vil eg prøve å finne fram til mine topp fem når det gjeld norske forfattarar. Eg har lese ein del klassikarar som Kransen av Undset, Sult og Markens Grøde av Hamsun, En Folkefiende av Ibsen, Genanse og Verdighet av Solstad og så vidare. Men eg ser jo det at det kanskje ikkje dei som har gitt meg mest, sånn personleg. Kanskje fordi dei fleste er lese som ein del av pensum; eg veit ikkje. Uansett. Nedanfor har du i alle fall mine favorittar; fem norske forfattarar som opp gjennom åra har gitt meg glede og mange gode leseopplevingar:

Anne-Cath. Vestly - heile Noregs mormor. Bøkene hennar har gitt meg så mykje glede i barndomen og har med alle dei gode minna gitt meg mykje glede også etter at eg blei "vaksen" (blir ein nokon gong det?!). Mange av bøkene hennar har eg enno på lydbok på kassett med hennar stemme (eg har til og med laga ei nettside). Ikkje så lenge etter at Vestly var gått bort, var ei veninne og meg på konsert med Stavanger symfoniorkester. På den konserten var det sonen til Vestly som var konferansier og du kan tru eg sat med tårar i augo då han kom inn, stod der midt på scenen og spelte kjenningsmelodien frå lydbøkene om Knerten og Lillebror.

Tore Renberg - Stavangermann, og det er ein del av grunnen til at han er ein av mine favorittar: eg kjenner igjen miljøet som han skriv om. Bøkene om Jarle Klepp er bøker som viser sårbarhet, har herlege figurar og kleine, men morosame hendingar, rett og slett bøker som er veldig kjekke å lese.

Lars Saabye Christensen - mange fine bøker, og eg har lese ein del av dei. Alle bøkene om dei fire kameratane Kim, Gunnar, Ola og Seb, nemleg Beatles, Bly og Bisettelsen står i bokhylla heime på Sola, og dei er lese om du lurte. Maskeblomstfamilien fekk meg til å tenkjeog eg hugsar enno at eg slukte Halvbroren då eg var på tur i Afrika med folkehøgskulen :)

Jostein Gaarder - kven har vel ikkje høyrt om romanen Sofies verden? Gaarder sine bøker har fascinert meg sidan eg var rundt elleve-tolv år og las Sofies verden for fyrste gong. Sidan har eg lese den om igjen, akkurat som med Kabalmysteriet og Froskeslottet. Julemysteriet, I et speil, i en gåte og den herlege boka Bibbi Bokkens magiske biblioteksom han skreiv saman med Klaus Hagerup, må også nemnast. Gaarder sine bøker er fylt med undring, magi, merkelige hendingar, alvor, humor, ja, ei herleg blanding.

Unni Lindell - lettlese damekrim er ikkje å forakte sånn innimellom pensum og travle dagar. Trur eg har lese alle bøkene i serien som til no er gitt ut om politimannen Cato Isaksen (og sett alle filmene/miniseriane som er blitt filmatisert).

Legg igjen ein fin tanke