18. mai 2014

Topp 5 – reiseopplevingar eg gleder meg til

Om berre ni dagar sit me på flyet til Reykjavik. Skal bli så kjekt, spennande og fint å reise på tur i tre veker saman med verdas beste :) Før den tid, er det mykje som skal ordnast og fiksast, alle tinga våre skal pakkast ned i esker og posar, leilegheita må me vaske, ja, det er ein del som skal bli gjort. Men sånn er det jo, og det gjer det jo nesten endå kjekkare at me etter å ha gjort alt dette, skal ut og reise. Hadde ein koseleg kveld i går med fine folk, men me var ikkje så seine i seng, for eg var ganske gåen etter all den gåingå i bunadsko. I og med at turen nærmar seg med stormskritt, vil eg denne sundagen prøve å lage ei topp fem-liste basert på det eg gleder meg mest til å oppleve:

bade i Blue Lagoon og i varme basseng - for ei badenymfe som meg, er det ikkje til å komme bort i frå at dette er noko av det som verkeleg freistar med Island. Me skal jo ikkje vere der mange dagane, og må difor velje berre eit par ting å oppleve, så får me heller reise tilbake ein annan gong; det er jo trass alt eit av våre naboland :)

Broadway - ein av mine største draumar er å sjå eit show, ein musikal, på sjølvaste Broadway. Har vore i London to gongar og begge gongane såg eg ein musikal på West End. Dette er minne som sit veldig sterkt hos meg og når me no skal til New York, er dette verkeleg eit av høgdepunkta. Me har allereie tinga billettar til musikalen Once (eg elskar filmen og musikken derifrå), og gleder meg som ein liten unge!

vintagebutikkar - i dei siste åra har eg fått meir og meir auga opp for vintagemote og det å kjøpe brukte klede. For det fyrste er det miljøvennleg, for det andre kan ein finne så mykje fint som ingen andre har. Eg har allereie sett meg ut nokre butikkar som eg skal besøke medan me er i New York, og så må eg jo så klart innom Brooklyn Flea.

traske rundt i Central Park - treng eg å seie meir?! Her kan me nok bruke mange dagar på å berre gå rundt, traske, sjå på fine statuar og kanskje stikke innom Central Park Zoo

oppdagingsferd - heile denne reisa vår blir jo ei lang oppdagingsferd. Tenk det å berre gå rundt i Brooklyn (det er der me skal bu), finne ein favorittkafé, berre slappe av. Og på Island: oppleve Golden Circle! Oppdagingstrongen min, som eg har hatt no gjennom heile vinteren etter at me tinga flybillettane i desember, skal snart bli dekt ;)

0 kommentarer: