2. mar. 2014

Topp 5 – det beste ved å vere korpsfiksert

Og nei, det står ikkje "kroppsfiksert" i tittelen på innlegget, men tittelen er derimot henta frå TV-serien Korpsfiksert som gjekk på NRK i fjor ;) De som har lese bloggen i det siste, har nok merka at det har blitt ein del korps. Og litt meir korps. Og enno litt meir. Det har kanskje ikkje gått så langt enno, men på ein måte er det jo ein livsstil. Kvar måndag sit eg og gleder meg til øvinga seinare på kvelden, for det er så kjekt å vere der, og det er kjekt å sjå dei fine folka, spele med dei og snakke med dei. Her er mine topp fem når det gjeld kva som er det beste ved å vere korpsfiksert:

eit kjempekjekt og sosialt miljø - det finn ein jo andre stader også, som på fotballarenaen eller på jobb, men likevel er dette verkeleg ein av grunnane til at korps er så kjekt. Og det var jo også i korpsmiljøet at eg møtte min framtidige ektemann :) Eg har fått vener for livet gjennom korpsmiljøet og eg kjenner at eg høyrer heime i eit slikt miljø

kunne lese noter - å lese noter slik at ein kan spele omtrent all den musikken som er skrive, det er som å kunne lese bøker: ei ny verd opnar seg, ei verd som ein kan ha glede av resten av livet

reise på tur - i løpet av mine år i korpsmiljøet, og då særskilt i skulekorpset, har eg vore med på så mange kjekke turar. Seminar på Hellvik, tur til Rhodos, England, Tyskland og Bulgaria, blåtur til Sirdalen, korpsfestival i Kristiansand og i Bø.

høyre ny musikk - og lære seg å like den (der har eg nok ein del igjen å lære). Eg er eit vanedyr og høyrer ofte på akkurat den songen eller akkurat den musikksjangeren som eg veit at eg liker. Når ein speler i korps, speler ein gjerne musikk ein ikkje har noko forhold til frå før eller noko ein kanskje ikkje liker sånn med ein gong. Musikk som ein må lære seg å like, noko som faktisk er ein ganske bra ting

fritidsaktivitet, og sånn sett ein hobby, som varer livet ut - i det vaksenkorpset eg spelte i dei siste åra eg budde heime, var det ein av musikantane som faktisk bikka 80 år (viss eg ikkje hugsar feil). Du har, om du vil, ein fin, kjekk og sosial fritidsaktivitet som du kan halde på med så lenge du berre vil :)

Legg igjen ein fin tanke