20. apr. 2014

Topp 5 – fine ord

Har hatt nokre herlege dagar på hytta saman med familien, kjærasten, tante, onkel og to søskenbarn. Me har, for det aller meste, hatt sol, plussgradar og knallblå himmel og det har vore heilt fantastisk! Kryssord, kaffi ute i solveggen, Påskelabyrinten på radio, boklesing, quiz, brettspel, påskegodt, alt det som høyrer påska til. Det er verkeleg eit eller anna med hyttepåske :) I morgon er det tilbake til Kr.sand og kvardagen... Men før den tid, vil eg gjerne få dele nokre fine ord med dykk (idéen er henta frå denne bloggposten på sitrende.net). Mi topp fem-liste i dag er med altså fine ord, ord eg på ein eller annan måte synest er fine fordi dei betyr noko fint for meg:

elske - å kunne seie "eg elskar deg" til nokon, det å bli elska, ha ein familie som du elskar og som elskar deg uansett, kjærleik, kyss, vener. Å bruke orde "elske" er for meg sterkt og noko heilt anna enn "I love you". Elske er eit nydeleg ord!

vår - denne årstida som me no er inne i, er min absolutte favoritt. Snøklokker, rosa kirsebærblomar, grønt gras, blå himmel, varmare vêr, våren er så innmari fin! I tillegg så bruker ein jo ordet "vår" om noko som ikkje berre er mitt, men noko som ein deler, slik som "vår bok" eller "vårt hus", og det kan ein også like :)

drøyme - Walt Disney sa ein gong: "If you can dream it, you can do it", og det er ganske så sant. Å drøyme om fine ting, noko ein vil oppleve eller oppnå, drøyme seg vekk frå ein travel kvardag, ha ein draum i magen, er rett og slett veldig fint

bibliotek - då eg var yngre, var biblioteket mitt andre heim; eg jobba der jo også ei stund. Ordet legg seg så fint i munnen – "bibb-li-otek" – og får fram mange gode minne om nye leseopplevingar, ny kunnskap, rømme litt vekk frå røynda (bm. virkeligheten), rett og slett vere litt mi eiga verd. Biblioteket er framleis ein stad der eg ofte går for å finne fram til ei ny bok, ei bok eg kan opne, dykke ned i, kose meg med

fridom - til å velje sjølv det livet ein vil leve. Fridom er eit fint ord som mange av oss kanskje tar for gitt nettopp fordi me har fridom til å leve våre eigne liv. Ikkje alle har denne retten: nokre sit i fangenskap for noko dei ikkje har gjort, andre blir tvinga til å gifte seg når dei er under ti år! Å ha fridom er for meg ein menneskerett. Det å kunne leve mitt liv slik eg vil, er for meg viktig. Å ha fridom, på alle moglege vis, til dømes ytringsfridom, er noko alle menneske eigentleg skal vere fødd med. Eg trur på fridom.

0 kommentarer: