27. juni 2018

Green Gables-huset

Siste stopp på Anne-turen vår kjem her; det er allereie over ein månad sidan me var der. Etter å ha gått Haunted Wood Trail på området der besteforeldra til Montgomery budde, gjekk turen vidare til Green Gables Heritage Place. Berre tvers over vegen i Cavendish. Huset som inspirerte Montgomery då ho skildra plassen Bjørkely, er godt tatt vare på og restaurert slik at det verkeleg er som å trå inn i ei heilt anna tidsepoke, den epoken ein les om i bøkene. Huset er så flott i kvitt og grønt. Likeså med det kvite og grøne tapetet som møtte oss med ein gong me gjekk inn i huset. Sukk, alle detaljane, altså. Skatollet, parafinlampa og kjøkkenreiskapa, tekoppen og tekanna.


Rundt om i huset var det guidar som ein kunne spørje om ein lurte på noko om tidsepoken, det spesifikke rommet ein såg på eller generelt om Anne. Eg synest det var litt trangt med både oss turistar og tre-fire guidar i eit såpass lite hus, men det funka no på eit vis likevel. I mine auge var det no aller mest stas å berre gå rundt å sjå, memorere alt og nyte det å vere der. I Green Gables-huset. Lyset inn på Anne sitt rom var nydeleg og eg fekk lyst til å kunne bu der nokre dagar. Vaskefat og gammal sofa, hatten, stokken og vesten til Matthew og rommet til Marilla. Måtte jo ta ein liten tur på stien Lover's Lane, og ute i skogen såg me denne lille finingen som åt ei nøtt.


Som foran Anne-museet, blei det litt tid for posering. Hi, hi, viktig det der ;) Blondegardinene og den grøne fargen rundt vindauga, eg innrømmer at eg er svak for sånt. Også denne dagen var me superheldige med vêret og huset verkeleg skein der det stod ute på det lille tunet. Grøne tre og grønt gras overalt. Og hestekjerra stod på tunet, akkurat slik den gjorde for hundre år sidan.

Legg igjen ein fin tanke