11. des. 2019
Tilbake til Avonlea og den finaste øya
Innimellom saknar eg Canada litt ekstra, særskilt Avonlea og Green Gables. Eg veit at dei stadane fyrst og fremst er fiktive, men å ute på Prince Edward Island kan ein jo besøke Green Gables-huset på Green Gables Heritage Site. På denne måten blir det på eit vis ekte likevel. I bokhylla vår i stova har eg heile Anne-serien ståande. Las ferdig serien i fjor, og sjølv om eg saknar Montgomery sitt univers, er det i mine auge litt tidleg å lese heile serien på ny. Men heldigvis har eg fleire bøker av same forfattar i bokhylla, og to av dei har eg nettopp lese ferdig: Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea. Dette er to novellesamlingar der me møter det same persongalleriet; av og til dukkar Anne opp, men for det meste møter me mange nye karakterar. Og skildringane til Montgomery er like nydelege: "The sunlight crept over the pillow, lighting up the sweet old face and silver hair, and stealing downward to the faded red roses on her breast. Smiling and peaceful and happy lay Aunty Nan, for she had fallen on the sleep that knows no earthy wakening, while little Joscelyn sang." (s. 81 frå Chronicles of Avonlea). Å lese desse bøkene...eg blir dratt rett inn i universet, eg kan sjå den finaste øya og det koselege huset. Ein plass eg alltid vil ha med meg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke