4. juni 2018

Tur ute ved Greenwich

Måndag for to veker sidan var me framleis på Prince Edward Island. Den dagen var det strålande sol med bittelitt vind og det passa perfekt å ta ein tur ut til nasjonalparken Greenwich. Området ligg ut på austkysten av øya og har forskjellige gåturar ("trails"). Målet var å finne den som tok oss med ut til stranda og sanddynene. Fyrste del var på ein grusveg (kjedeleg) før me kom oss inn på ein skogssti. Derifrå tok det ikkje lang tid før me byrja å gå på ein slags plankebru gjennom resten av skogen. Plutseleg blei plankestibrua, eller kva ein skal kalle det, til ei flytebrygge. Ut på myr og så eit lite vatn. Fascinerande! Plankebrubrygge-saka tok oss heilt ut til dei myke sanddynene. Litt for mykje vind til at me bada i sjøen og var lenge på stranda, men ein kjempefin plass likevel.


Kult å sjå stien sno seg som ein slange! Og så variert landskap med myr og skog, vatn og sanddyner, ein haug her og sjøen der. Vinden tok tak i håret, men sola varma, så det var ikkje så ille kaldt. Ein akkurat passe tur i eit vakkert område. Stilig at det går an å bygge ein slik veg, ein sti som blir til ei lang flytebrygge. På veg tilbake til parkeringa, fann eg eit hjarte på eit tre, såg stien sno seg endå meir, langt inn i skogen. Nyte roa blant trea før me tok fatt på det siste stykket på grusvegen.

Legg igjen ein fin tanke