2. juli 2018

Raude klipper ute på ei lita øy

Har du hatt ein fin måndag og ein bra start på veka? Når eg kan sykle til jobb klokka halv ni om morgonen i kjole og bare leggar, og temperaturen viser nitten gradar, då skal eg ikkje klage. Og så sitje ute på balkongen med ei koseleg bok i fanget etter jobb, det er akkurat slik juli skal vere. Tar eit lite tilbakeblikk på dei siste bileta frå Prince Edward Island. Ute langs kysten i Cavendish ser klippene slik ut. Bratte. Majestetiske. Raude. Eit flott syn. Ytterst ute på ein kant, ute på ei lita øy.

Legg igjen ein fin tanke